Julemøte 16.12.16

Til stades: Nils Tore, Stein, Håkon, Nils Magne, Stein Magne, Frode, Paal, Nils, Jack, Ivar, Olav, John, Jon Håkon og Ole.

Det heile starta med tradisjonell samling ved grua i Berlebakken til god smak av «heimabrygg og garasjebrygg».

Vi flytta opp til Berlebakken-stova Ein fantastisk rakfisk med tilbehør inkludert akkevitt auka den gode stemninga endå eit hakk. Før dei 4 konjakkane skulle testast vart det kaffi m/ konjakkekaker og ostekaker. Nokre - utan å nemne namn – meinte nokon at vi berre kunne smaka utan å gi poeng – men vart kraftig avvist av fleirtalet utan at stemninga datt av den grunn.

Kveldens cognac til testing var:

Daniel Bouju Napoleon
Dudognon Heritage Grand Champagne
Ragnaud-Sabourin 1989
Maxime Trijol Extra Grand Champagne

Ikkje ulikt Leikanger Cognac Club var kveldens vinnar i testen også den rimelegaste. Den aller dyraste kom på ein god andre plass, ikkje langt unna gullplassen.

 

God stemning under kveldens julemøte

God stemning under kveldens julemøte

Medlemsmøte 9.9.16

Dette vart eit ekstra møte då vi måtte avlyse turen til Friksdalen helga før. Det var eit godt oppmøte og god stemning denne kvelden.

Til stades: Frode, Nils Magne, Roar, Paal, Ivar, Ole Ingar, Olav, Nils, John, Stein, Stein Magne, Jon Håkon og Håkon.

Vi begynte kvelden med ei høgtidsstund der vi smakte på tidlegare innjkøpte 100-åring. Sjå nærare omtale av denne frå medlemsmøtet 22.4.16.

Følgjande kommentarar kom under smakinga av 100-åringen:

  • Dinna va udryg
  • Hadde god ettersmak
  • Ikkje vist i å gje poeng
  • Dei som trakka desse druene er ikkje lenger i blant oss
  • Må drikkast med andakt
  • Tenk på unionsoppløysinga i 1905. Så gamal er dinna.
  • Skeptisk til så lang lagring på eikefat - nokon kan ha pissa nedpå.
  • Tenk kara, dinna har overlevd 2 verdenskrigar
  • Luktar godt.

Så kom turen til ein 50-åring, også denne kjøpt inn på auksjon. Dette var ein Chateu Triac. Vart smaka på utan bedømming, men enkelte kommentarar kom også her:

  • 100-åringen var betre
  • Det er ikkje alltid dei yngste er best. Det har vi erfart i kveld.

 

 

 

 

Møte 22.04.16

Oppmøte: Stein, Frode, Olav, Nils Magne, Ole, Roar, Håkon, Ivar og Stein Magne

Denne kvelden hadde vi 4 ulike cognac til testing. Det var følgjande:

- Birkedal Hartman Christian Frederik Cognac XO
- Dividoff V.S.O.P.
- Normandin Merier Vieille Fine Champagne
- Camus Napoleon Rare Old

Til kveldens møte hadde vi fått tilbod om å kjøpe inn eit parti på 3 flasker cognac av eldre årgang. Med på kjøpet skulle vi med eit Larsen vikingeskip. Prisen for det heile kom på 7000,- og Leikanger Cognac Club slo til. Vi kjøpte føkgjande cognac:

- Braastad Cognac 100 Ans de Liberte 
- Cognac Vieux Superieor
- Chateau Triac Reserve de la Famille
- Larsen Fine Champagne Cognac vikingeskip i gull

Les meir om testinga under testar

 

Braastad Cognac 100 Ans de Liberte, over 100 år gamal cognac

Braastad Cognac 100 Ans de Liberte, over 100 år gamal cognac

Julemøte 18.12.2015

Oppmøtte: Ole, Olav, Stein Magne, Nils Tore, Nils Magne, NIls, Ivar, John, Håkon, Geir, Henning, Frode, Roar, Stig Jonny, Stein og Paal.

Tradisjonen tru avslutta vi cognacåret med tradisjonelt julebord i Berlebakken. Må menyer hadde vi rakfisk, øl og akkevitt tilberedd av Håkon Nesse. Eit lite vorspiel i bryggjekjdlaren til Nils med smaking av årets juleøl stod også på programmet.

Denne kvelden tok vi inn 3 nye medlemar i cluben. Velkomen til Nils Tore, Roar og Frode.   Tradsjonen tru måtte dei nye gjennoom ein eigen test av ein drykk av ukjent merke og simplaste sort - ikkje cognac.

Denne drykken fekk karakteren 5, 2,5 og 2. Resultatet burde blitt 0 eller minuspoeng.

Denne gongen hadde vi 6 cognac til testing.

- Familie Vallenie Tarcinier
- S. De Fussigny xo fine champagne cognac
- Erling skakke vielle reserve de familie xo
- Remy Martin XO
- J.dupont cognac. Art deco xo
- Tesseron XO

 

Samling 8. mai 2015

Til stades: Nils, Nils Magne, Ivar, Ole, John, Jon Håkon, Olav, Håkon og Stig Jonny.

Desse vart testa: 

- L`Heraud Cuvèe 20, 

- Hardy X.O. Fine Champagne, 

- Cognac Heritage Louis Vallet L50 (Chateu Montifaud) og 

- Cognac Reserve Speciale Michel Vallet (Chateu Montifaud)

Neste samling blir 5. - 6. september 2015 i Friksdalen. Ivar og Nils Magne har ansvaret for samlinga inkludert innkjøp av cognac.

Du kan lese meir om testane her

Samling 6. februar 2015

Til stades: Nils, Nils Magne, Ole Ingar, Stig Jonny, Geir, Olav, Jon Håkon, Ivar, Stein Magne.

Desse vart testa. Delamain Cognac Grande Champagne XO, Peyrat Grande Champagne og Hennesy XO. 

Les meir om testane her.

Samlinga 4. september vert på stølen til Ivar i  Friksdalen. Leikanger Cognac Club har intensjonar om å delta på Cognac Expo i Bergen oktober 2015. 

Julemøte 19.12.14

Til stades: Ole, Stein, Paal, Håkon, Ivar, Nils, Stein Magne, Nils Magne Olav, John Fredrik, og Jon Håkon.

Leikanger Cognac Club har etterkvart fått etablert ein tradisjon med julemøte siste fredag før jul. Kvelden starta med ein smak av årets julebrygg i bryggjehuset til Nils i Berlebakken. Fleire av medlemane i LCC er også aktive ølbryggjarar, så her må årets juleøl testast og smakast på.

Etter kvart samla vi oss i festsalen i Berlebakken, der det vart servert rakfisk på Lærdalsk vis. Håkon stod for innkjøp og og tilbereding av maten. Det vart servert akevitt og øl til maten.

Etter mykje god mat og drikk var vi omsider klare for kveldens testing av cognac. 

Møte 5. september

Frammøtte: Nils, Håkon, Stig Jonny og Ole.

Denne gongen testa vi Bache Gabrielsen Maria XO. 

Ved ein nærare gjennomgang av kva som har vore til testing tidlegare, viste det seg at denne har vore testa før. Denne gongen fekk Maria XO betre karakter enn første gang den var til testing.

Les meir om testen her

Møt 9. mai 2014

Følgjande deltok på vårmøtet 9, mai 2014:

Stein, John, Paal, Ole Ingar, Ivar, Nils, Stein Magne, Jon Håkon, Nils Magne, Håkon, Henning, Olav og Stein.

Følgjande cognac vart testa:

Maxime Trijol Extra Grand Champagne

Ragnaud-Sabourin Alliance No 35 Grande Champagne

Paul Giraud Vieille Réserve Grande Champagne

Les meir om testane her

Møte 7. mars 2014

Følgjande møtte: Ole, Stein, Paal, Håkon, Ivar, Nils, Stein Magne, Nils Magne, Olav og Jon Håkon.

Følgjande nye konjakkar var til testing:

- Tesseron XO Perfection Grand Champagne

- Famille D`Age Reserve de la Maison

Etter testing vart det smaksprøve av tidlegare testa konjakkar som vi hadde på lager.

Julemøte 20. desember 2013

Følgjande møtte: Ole, Nils Magne, Håkon, Magne, Stig Jonny, Stein, Stein Magne, Paal, Olav, Jon Håkon, John, Ivar, Geir.

Siste fredag før jul er i ferd med å innarbeidast som fast kveld for årets siste samling i LCC. For andre året på rad har vi gjennomført julemøtet siste fredag før jul. I desember 2013 vart det også julebord med den tradisjonelle julekosten rakafisk med tilbehør.  Kvelden starta med smaking av årets julebrygg brygga i Berlebakken og i andre bryggarhus rundr omkring i Leikanger. Me gjekk deretter over til julematen med tilbehør. Sidan konjakk ikkje er spesielt godt eigna til rakfisk, vart det gitt dispensasjon frå reglane slik at vi fekk servert øl og akevitt til maten. Godt mette og klare for testing av konjakk, gjekk me laus på desse: 

1. Le Reviseur X.O. 

2. Courvoisier X.O. 

3. Martell X.O. 

4. Chateau Montifaud Millesime

Møte i LCC 4.10.13

Følgjande møtte:

Haakon, Nils Magne, Henning, Stig Jonny, Nils, Paal, Ole Ingar, Ivar, Haavard, Olav, Stein Magne og Stein.

Det vart utført blindtest på følgjande cognac:

1. Alexander Leopold X.O

2. Camus X.O. Elegance

3. Camus V.S.O.P. Elegance

4. Bache Gabrielsen Maria X.O.

5. Bisquit X.O.

6. Meukow V.S.O.P.

Neste møte vert fredag 20. desember i Berlebakken. Til neste møte skal vi ha ei opprydding i medlemsmassen. Det er enkelte som har takka ja til å verte medlem, men som ikkje stiller på møta eller betaler kontingent. 

Møte i LCC 7.6.13

Følgjande møtte:

Jon, Kai, Geir, Håkon, Paal, Nils Magne, Ole Ingar og Ivar.

Det vart utført blindtest på følgjande cognac:

1. A.E. DOR VSOP

2. A.E. DOR XO

3. Remy Martin Grand champagne premier cru XO

4. Braastad Tres Viellie Reserve XO

5. Birkedal Hartman VSOP

6. Braastad Tres Vieillie Reserve XO

Møte i LCC 5.4.2013

Desse møtte: Ole Hæreid, Stein Vangsnes, Pål Fosdal, Nils Henjum, Ivar Henjum, Nils Magne Slinde og Håkon Nesse.

Det vart gjennomført blindtest på Larsen V.S.O.P.

Møte i LCC 1.2.2013

Det var møte i Leikanger Cognac Club fredag 1. februar 2013 på fast samlingsplass i Berlebakken. Følgjande cogncac vart testa:

Louis Royer XO

Ottard V.S.O.P

Renault Carte Noire Extra

Frapin Vip XO

Møte 14. september 2012

Følgjande var til stades:

Nils, Stig Johnny, Geir, Håkon og Ole Ingar.

Følgjande konjakk vart testa ut på samlinga:

- Normandin XO Ekstra

- Hennesey fine de cognac

- Hine Anticue XO Premier crue

- Baron Ottard XO Gold

Du kan lese meir om desse testane og sjå bedømminga under testar

Neste møte vert 2. november 2012.

Samling 4. mai 2012

Følgjande var stil stades:

Ivar, Collin, Paal, Stein, Ole, Nils Magne, Stein Magne, og Haakon.

Følgjande konjakk vart testa ut på samlinga:

- Bisquit Passion

- Chateau de Montifaud V.S.O.P

- Cognac Brillet grande champagne

- Aordalskonjakk XO

- Cognac Leyrat XO

- Frapin VIP XO

Du kan lese meir om desse testane og sjå bedømminga under testar.

Neste møte vert fredag 7. september

Samling 13. januar 2012

Tilstades: Ole Ingar, Ivar, Geir,  Collin, Håkon, Stig Johnny, Steinar, Nils

Frå og med første samling i 2012 er det innført poengskala på vurdering av konjakkane som vert prøvesmaka. Poengskalaen går frå 1 til 6. Følgjande sortar vart prøvesmaka:

HINE ANTIQUE XO
Grand Cru, XO
REMY MARTIN VSOP
Armanian MANE Cognac XO

Bedømminga kan du sjå under testar

Neste møte vert fredag 2. mars der det også vert årsmøte. Aktuelle saker til årsmøtet: 

- Val
Medlemsavgift
- Innkjøpsregler for enkeltinnkjøp
- Møtefrekvens
- Studiereise
- Måleberg 4 cl
- Heimeside som syner kva vi har prøvd

Praten går under prøvesmakinga. Kva er best og kva er ikkje fullt så bra?

Praten går under prøvesmakinga. Kva er best og kva er ikkje fullt så bra?

Møte 6. mai 2011

Tilstades: Ole Ingar, Geir, Stig Johnny, Stein, Paal, Henning,  Collin.

  Minner om innbetaling av medlemsavgift avgift kr 500,- til knt 3705.1767.412

Prøving av dagens sorter:

Delamin XO, grand champagne Pale and dry

Fyldig. God smak og ettersmak  :-)

Frapin, Johannes Malling, grand champagne,

Godt alternativ til Backe XO. Mild å drikke. Egna i  kvinneleg selskap :-!

Prunier XO

Fyldig, fruktig, med lang ettersmak. Truleg best saman med ein god sigar God :-!

Deluize, reserve grand champagne XO

Søtlig med smak av mandel. Truleg god til kaffe med tilbehør. :-! minus

Møte 4. mars 2011

Tilstades: Ole Ingar, Geir, Stig Johnny, Svein, Collin, Paal, Håkon.

Medlemsavgift betalast på knt 3705.1767.412

Prøving av dagens sorter:

Braastad XO fine champagne

Heilt grei til gjestane :-!

Eau de Vie, V.S.O.P

Ikkje vurdert.

Møte 28. mai 2010

Tilstades: Ole Ingar Hagen Hæreid, Svein Røysum, Stein Vangsnes og Geir Lyngaas

Leiar orienterte om at kontingenten er fastsett til kr 500,- pr år, med eit tillegg på kr 20, pr pers for leige av lokale. Det kan bli aktuell å auke årskontigenten.

Dei neste møta vert fastsett til første veka i september og første veka i november. Der er i tillegg  a ktuelt å ta eit julemøte på kinahuset i Sogndal, der eigar har stor interesse for Cognac og har sjølv ei stor samling.

På møta frametter verte det karakterfesting i samband med Cognacsmakinga. Resultat vert lagt ut på heimesida, sjå under fana testar.

Leiar utfordrer Bjørn og Stig Johnny til å ta med nye sortar neste gong.

Stiftingsmøte

Leikanger Cognac Club vart etablert på stiftingsmøte den 12. mars 2010.  Møtet var i "Gamlebanken" på Hermansverk.  Dette vil vere LCC sine faste møtelokale.

På stiftingsmøtet var følgjande medlemer til stades:
Ole Ingar H. Hæreid
Kai Lille-homb
Henning Rivedal
Stein Vangsnes
Stig Jonny Buvik

Møtet starta med ein formell del med godkjenning av verdigrunnlag, vedtekter og val av styre.

Kai Lille-homb holdt eit fagleg innlegg om området Cognac i Frankrike.

Etter den formelle delen av møtet var unnagjort var det prøvesmaking av ulike tyapr cognac.  Denne kvelden vart det ikkje gjort bedømming.  Følgjande cognac-ar vart smakt på:

Delamain Single Vineyard Collection
Bache Gabrielsen 3kors
Bache Gabrielsen Pure Rustic
Bache Gabrielsen XO
Ragnaud - Sabourin XO no1
Frapin V.I.P. XO

Nyeste kommentarer

04.11 | 13:26

min mail er tore@torek.no

27.09 | 08:09

Til Tore Knapskog.
Kan jeg få mailen din så kan jeg sende billeder af den.
Min mail er : dolphinsport@live.dk

27.09 | 07:06

Aldri hørt om. Det finnes en 1899-1999 i anl 100 års jubileet og en 1905-2005 i forbindelse med unionsoppløsningen til Norge

31.08 | 21:18

Hej jeg har en braastad 1879 - 1979. Er der nogen der ved noget om den ?

Del denne siden