Nyhende frå LCC

Møteplan for 2021

Det er lagt opp til følgjande møteplan i 2021:

Fredag 5. mars (Samling avlyst pga.koronapandemien)

Fredag 4. juni

Fredag 8. oktober

Fredag 17. desember

Enkelte møte kan bli avlyste på grunn av pandemien. Møteplanen kan bli endra dersom det er behov for det. Vi planlegg samling 4. juni dersom situasjonen med pandemien gjer det mogleg. 

Topp 14 i test

LCC har sidan 2010 og fram til dag testa 130 ulike cognacar. Kvar enkelt cognac kan får karakter frå 1 til 6, med 6 som beste karakter. Her er ein oversikt over dei 14 med best karakter så langt:

Testa konjakk:

Dato:

Bedømming

Baron Ottard XO Gold

14.09.2012

5,6

Cognac Vieux Superior

09.06.2017

5,3

Hine Antique XO Premier crue

14.09.2012

5,2

Camus Napoleon Rare Old

22.04.2016

5,1

Leyrat X.O. Dom.De Chez Maillard Fins Bois

02.03.2012

5,0

Normandin XO Ekstra

14.09.2012

5,0

Tesseron XO Perfection Grand Champagne

07.03.2014

5,0

Duquai double Wood XO

01.03.2019

5,0

Tiffon Chateu Triac

13.12.2019

5,0

Remy Martin Grand Campagne cru XO

07.06.2013

4,9

Remy Martin XO

18.12.2015

4,9

Tesseron XO

18.12.2015

4,9

Rémy Martin 1738 Accord Royal

01.03.2019

4,9

Braastad Cognac 1919

13.12.2019

4,9

Møteplan 2020

Det er sett opp følgjande møteplan for Leikanger Cognac Club 2020

14. februar
Det er planlagt cognacsmaking med Eva og Patrik Braastad på Restuarant Malin i Sogndal. Dette er ikkje ei ordinær samling for Leikanger Cognac Club, men eit tilbod om å delta.

6. mars 2020 
Vanleg medelmsmøte i Berlebakken kl. 20:00

8.mai 2020
Vanleg medlemsmøte i Berlebakken kl. 20:00

23. oktober
Vanleg medlemsmøte i Berlebakken kl. 20:00

18. desember
Tradisjonelt julemøte med rakfisk og tilbehøyr, Berlebakken kl. 19:00

Det kan kome endringar i møteplanen. Møteplanen vert i så fall oppdatert.

Julemøte 2019

Årets tradisjonelle julemøte er 13. desember 2019. Som vanleg vert møtet opna med smaking av årets lokale juleøl produsert av medlemar i Leikanger Cognac Club.

Menyen er som før: Rakfisk med tilbehør og dessert (cognackake, kaffi og cognac)

Etter den tradisjonelle julemiddagen blir det test av cognac kjøpt inn under studieturen i Frankrike tidlegare i år.

LCC på studietur til Frankrike

I oktober 2019 tok Leikanger Cognac Club turen til Frankrike og besøkte cognachuset Tiffon på Chateau de Triac. Cognachuset er eigd og dreven av familien Braastad.

Vi fekk tre utbytterike dagar med m.a. omvisning på tønnemakeri, produkssjonlokala til familien Braastad og eit lite lokalt cognachus (Michel Forgeron).

Det vart sjølvsagt godt med smaksprøvar av både Tiffon, Braastad og Forgeron.

På bildet ser vi eit typisk lagerlokale for cognac med svarte veggar. Dei svarte veggane kjem frå ein sopp som levere av alkohol som fordampar frå eikefata som cognac-en vert lagra på.

Møteplan 2017

Det er lagt opp til følgjande møteplan for 2017 i Leikanger Cognac Club:

Fredag 3. mars

Fredag 2. juni

Fredag 1. september

Fredag 15. desember (julemøte med rakfisk m.m.)

Det kan bli endringar i møteplanen ved behov.

Topp 12 liste over testa cognac

Etter 80 testa cogncar har vi ei toppliste klar. Den observante lesar ser at tre av dei på topp har bedømminga svært god. Dette var før vi la om bedømminga til poengskala med ein snittkarakter som resultat.

På sikt må Leikanger Cognac Club ta ein test av topplista for å finne den beste av dei beste. 

Nr.

Testa konjakk:

Bedømming

32.

Baron Ottard XO Gold

5,6

31.

Hine Antique XO Premier crue

5,2

79.

Camus Napoleon Rare Old

5,1

19.

Leyrat X.O. Dom.De Chez Maillard Fins Bois

5

29.

Normandin XO Ekstra

5

53.

Tesseron XO Perfection Grand Champagne

5

40.

Remy Martin Grand Campagne cru XO

4,9

73.

Remy Martin XO

4,9

75.

Tesseron XO

4,9

1.

Soerli XO

Svært god

4.

Bache Gabrielsen Thomas XO prestige

Svært god

11.

Delamin XO, grand champagne Pale and dry

Svært god

Medlemsmøte 2016

På siste samling (i april) vart vi samde om følgjande medlemsmøte for 2016

- laurdag 4. juni
- laurdag-søndag 3-4. september (tur til Friksdalen)
- fredag 16. desember (julemøte)

Julemøte i Leikanger Cognac Club

Fredag 18. desember har Leikanger Cognac Club sitt årlege julemøte i Berlebakken. Det er 15 påmelde til årets siste samling. Det er sett opp følgjande program for kvelden:

19:00: Smaksprøve av årets juleølproduksjon i bryggeriet i Berlebakken.

20:00: Rakfiskmiddag med nødvendig tilbehør (inkludert akevitt)

21:00: Kaffi og kake med ein liten god konjakk til.

22:00 Konjakktesting

Møteplan 2015

Møteplanen for 2015 er no klar.

Fredag 6. mars

Fredag 8. mai

Fredag 4. september

Fredag 16. - søndag 18. oktober Cognac Expo 2015, Bergen

Fredag 18. desember

Samlingane i Leikanger Cognac Club startar kl 20:00 i festlokala til Nils i Berlebakken. Eventuelle endringar vil bli gjort kjent gjennom eigne innkallingar til møta.

Når det gjeld Cognac Expo bør vi satse på felles påmelding. Denne turen vert tema på møtet i mars. Nærare informasjon om Cognac Expo 2015

Nyttig informasjon om Cognac

På bloggsida CognacFan.bloggspot.no finn du mykje god informasjon om Cognac. Her kan du m.a. finne testar av dei beste cognackjøpa under kr 700,- i 2014 eller dei beste kjøpa frå Petit Champagne eller Grand Champagne i 2014. Vel vert å sjekke denne bloggen med jamne mellomrom.

Møteplan 2014

Det er sett opp følgjande møteplan for 2014:

Fredag 7.mars

Fredag 9. mai

Fredag 5. september

Fredag 19. desember.

I tillegg til desse samlingane er det planlagt tur til Frankrike hausten 2014, truleg i oktober.  Det kan hende denne turen også blir med følgje.

Dei 10 beste cognackjøpa i 2012

CognacFan Norge har kåra dei 10 beste cognackjøpa i 2012. Fleire av desse er testa i Leikanger Cognac Club.

Juryen har bestått av:

Johan Sæbøe, President i Cognacklubben "Bergen C4" og barsjef "Femte i ANDRE Bar".

Sæbøe har jobba mange år som bartendar og har vore lenge i cognacklubbmiljøet. Han har jobba i snart 13 år på Femte i Andre Bar, som er ein av Norges to beste Cognac-barar.

Nils Henriksen og Kjetil Hansen. Begge er initiativtakarane bak "CognacExpo". CognacExpo er arrangør av Norges største Cognac messe. For meir informasjon sjå: www.cognacexpo.no og CognacExpo-Facebook

Kim Andreas Lyng og Andreas Husby, initiativtakarane til "CognacFan Norge"

Utval og vurdering
Alle cognacane som juryen har smaka er vurdert. Alle var tilgjengeleg i Norge i fjor og kosta under kr 1000 for ei 70 cl flaske. Kvalitet er vurdert opp mot pris. Det er derfor mogleg at ein cognac av lågare kvalitet vil utkonkurrere ein dyrare og betre cognac.

Dei beste konjakkane

På nettstaden CognacWiki har publikum høve til å stemme på den beste konjakken. Her er ein link til nettstaden som viser dei 20 beste konjakkane etter avstemming frå publikum.

Oversikt over alle cognacklubbene i Norge

CognacFan.no har utarbeidd oversikt over alle cognacklubbar i Norge og kartfesta dei. 

http://mapsengine.google.com/map/viewer?mid=zeCBNYFUcbEg.kGOIQLYxJC-U

Møteplan for hausten 2013

Det er lagt opp til følgjande møteplan for hausten 2013:

Fredag 4. oktober

Fredag 20. desember

I oktober 2014 planlegg Leikanger Cognac Club studietur til Cognacområdet i Frankrike.

Test av luksus cognac 2008

Desember 2008 hadde Dagbladet ein test av "luksus" konjakk. Best i test vart Braastad extra med 95 poeng av 100 moglege.

Sjølv om testen no begynner å bli nokre år gamal, bør denne testen vere eit godt utgangspunkt til framtidige konjakkar til testing i konjakk-klubben. 

Dagbladet testar cognac

Dagbladet har testa dei 20 mest selde konjakkane. 

I testen er det teke utgangspunkt i dei 20 mest selde konjakkane. V.S., V.S.O.P. og XO er testa kvar for seg. Dei er rangerte etter poeng. Testen var ein blindtest.

Ikkje uventa kom dei aller fleste X.O. best ut. Unntaket er Bache-Gabrielsen X.O. Fine Champagne, som litt ned på liste og bedømt dårlegare enn enn ein del V.S.O.P.

Den beste X.O. med 86 poeng av 100 vart Braastad X.O. Fine Champagne og Nansen X.O.

Den beste V.S.O.P. med 84 poeng av 100 vart De Luze V.S.O.P. Fine Champagne

Den beste V.S. med 83 poeng av 100 vart Braastad V.S.

Auka medlemsavgift

Medlemsavgiften i Leikanger Cognac Club er auka frå kr. 500,- pr år til kr. 1.000,- pr år gjeldande frå 2012.

Medlemsavgiften skal brukast til innkjøp av cognac til medlemskveldane. Det er eit mål at vi skal unngå å ta med cognac møte etter møte. Dei som skal kjøpe inn cognac må sjekke lista over cognac som er testa.

Det vert sett ei øvre grense på tal medlemar til 20. Når vi har nådd denne øvre grensa vil det ikkje bli teke inn nye medlemar før ein går ut av LCC.

Møteplan 2012

Det vert lagt opp til følgjande møteplan for 2012:

Fredag 13. januar 

Fredag 2. mars (med årsmøte)

Fredag 4. mai

Fredag 6. juli

Fredag 7. september

Fredag 2. november

Det vert også vurdert ei julesamling fredag 7. desember

Det kan skje endringar i møteplanen. Dette vil i så fall bli meldt frå om pr. e-post. Alle møta er i Berlebakken, hjå Nils Henjum 

Møteplan 2011

Det vert lagt opp til følgjande møteplan for hausten 2011:

Fredag 09.09.11 kl 20:00

Fredag 04.11.11 kl 20:00
Fredag 02.12.11 kl 20:00

Avvik frå oppsett møteplan kan skje.  Det vil bli gitt melding om dette via e-post.

Alle møta vert haldne i Berlebakken (Kulturhuset til Nils Henjum i Njøsavegen på Hermansverk)

Stor test av cognac

Alle konjakkane i testen er blandt dei mest kjende merka. Dei høyrer til gruppa V.S, V.S.O.P eller X.O.

Kva er Cognac?
Konjakk er druebrennevin som kjem frå området med same navn (Cognac) i Frankrike. Brennevinet er regulert av eit komplisert reglement. Alder, fatlagring, druer og kva område i Cognac som er med i ein blanding avgjer om det vert ein X.O eller hamnar i ein annan kategori.

Rangering
Alle konjakkane i testen er rangert. Alle cognacane stiller i same kategori, men du vil sjå av resultata at det ikkje er tilfeldig at XO hamnar øvst på lista.

Testen finn du her

Møteplan

Det er sett opp følgjande møteplan for hausten 2010:
Fredag 3. september
Fredag 5. november
Desse møte vert som vanleg haldne i gamlehotellet på Hermansverk

I tillegg kan det verte aktuelt med eit julemøte fredag 3. desember.  Dette møtet vil vere aktuelt å ha i Sogndal.

Neste møte

Neste møte i Leikanger Cognac Club vert fredag 28. mai kl 20:00 i gamlehotellet på Hermansverk. Møtedatoen avviker frå prinsippet om møte første fredag annan kvar månad. Leiaren vil for framtida legge vekt på at møta skal avholdast til fastett dag.

Leikanger Cognac Club

Leikanger Cognac Club(LCC) vart formelt stifta i stiftingsmøte den 12. mars 2010.  LCC har i dag 7 medlemer. I følgje vedtektene som vart vedteke på stiftingsmøtet, kan LCC ha inntil 10 medlemer på det meste.

Leikanger Cognac Club skal ha 6 faste møte i løpet året, første fredag annan kvar månad.

Nyeste kommentarer

04.11 | 13:26

min mail er tore@torek.no

27.09 | 08:09

Til Tore Knapskog.
Kan jeg få mailen din så kan jeg sende billeder af den.
Min mail er : dolphinsport@live.dk

27.09 | 07:06

Aldri hørt om. Det finnes en 1899-1999 i anl 100 års jubileet og en 1905-2005 i forbindelse med unionsoppløsningen til Norge

31.08 | 21:18

Hej jeg har en braastad 1879 - 1979. Er der nogen der ved noget om den ?

Del denne siden