Leikanger Cognac Club sin grunnidè

Leikanger Cognac Club (LCC) er ei samanslutning der det viktigaste målet er å tileigne seg kunnskapar om framstilling og nyting av cognac innafor ei hyggeleg og fordomsfri sosial ramme.


LCC vil bestå av inntil 10 medlemar som alle er opptekne av å oppmuntre til, og delta i aktivitetar som kan medverke til å realisere det gode liv.

Medlemskap i LCC føreset ein genuin interesse for å lære meir om cognac som kulturdrikk, samt ambisjonar om å utvikle si evne til å praktisere nyting av denne drikken i ulike sammenhengar - til glede både for seg sjølv og sine omgevnader.

Medlemane har ulik utdannings- og yrkesbakgrunn, men felles for alle er at vi liker cognac og ønskjer å utvikle våre evner til å bestemme ulike typar og lære meir om historie, geografi, råstoff, produksjon, lagring og sal knytt til dette franske druebrennevinet.

Leikanger Cognac Club vart stifta 12. mars 2010. Læring om cognac og utvikling av evna til å vurdere ulike typar vil stå sentralt på våre møte.  Det er planlagt fem-seks samlingar i løpet av året. Kvar gong skal tre – fire typar cognac prøvesmakast og vurderast i henhald til bestemte kriterium.


Formålet med LCC skal vere både fagleg og sosialt, noko som vi trur vil gjere medlemskapet utbytterikt på fleire måtar. Vi vil forsøke å gjennomføre studiereiser til Cognac i Frankrike med ujevne mellomrom for å oppleve og studere cognac-produksjon på nært hald etter at vi har erverva kunnskap om cognac på våre samlingar.


Nyeste kommentarer

04.11 | 13:26

min mail er tore@torek.no

27.09 | 08:09

Til Tore Knapskog.
Kan jeg få mailen din så kan jeg sende billeder af den.
Min mail er : dolphinsport@live.dk

27.09 | 07:06

Aldri hørt om. Det finnes en 1899-1999 i anl 100 års jubileet og en 1905-2005 i forbindelse med unionsoppløsningen til Norge

31.08 | 21:18

Hej jeg har en braastad 1879 - 1979. Er der nogen der ved noget om den ?

Del denne siden